Konfirmasjon er ein tradisjon som gjev oss store moglegheiter til å koma i kontakt med unge. I Noreg vel over halvparten å konfirmera seg i ei kyrkje/ menighet. Konfirmasjonsåret er ein super moglegheit til å dela tydeleg og livsnær undervising, samtaler og relasjonsbygging. Dette kan verta retningsgjevande for liv og evighet. Meir enn 85% tek ei avgjersle om tru innan dei er ferdige med konfirmasjonstida. Lat oss gje dei det aller beste!
Vi i Sentrum Menighet ønsker å ha eit tilbod for folk gjennom heile livet. Då vert også konfirmasjonsopplegg ein naturleg del å ha i menigheten vår.
Kven er dette for?
Dette er eit opplegg for deg som ønsker å konfirmera deg kristeleg. Undervisinga og konfirmasjonen er også open for konfirmantar som bur andre stader enn Varhaug. Då anten som eit supplement eller som eit fullverdig konfirmantopplegg.
Viss de ønsker å ha sjølve konfirmasjonen ein annan stad, men følge vår undervising, må det avtalast individuelt med den aktuelle menigheten/ kyrkja.
Påmelding - trykk på link her: Konfirmant 2026/2027
Korleis - Innhaldet i konfirmasjonstida
Pris for undervisinga: 1200kr
Deltakeravgifta dekker alt av undervising og materiell, samt Jærgårds.
I tillegg kjem ein weekend til Tonstali og Solgry. Då reiser vi saman med andre konfirmantgrupper i Rogaland. Datoen er sett til 18-20.september.26 til Tonstadli og 12-14.mars.27 til Solgry. Prisen for weekenden, ca. 1200kr i reise, kjem i tillegg til deltakeravgifta vår.
Konfirmantåret startar med Jærgårds sin konfirmanthappening 21.08.26. Sa reiser vi samlet bort til Klepp med ledere.
Meir informasjon om denne dagen får de på foreldremøtet i august. Vi kjem tilbake med informasjon om dato for foreldremøte når den er sett.
Undervisninga i Sentrum Konfirmant startar opp 31.08.26 kl.18.30-20.30.
Vi har samlingar annan kvar måndag på Varhaug Misjonshus. Til saman består konfirmasjonstida av 14 slike samlingar. Ei vanleg konfirmantsamling vil vera bygd opp slik:
18.30 - 19.15: Undervisning
19.15 - 19.35: Kveldsmat
19.35 - 20.00: Leik
20.00 - 20.30: Smågruppetid/ spørsmål og samtale
Vi nyttar konfirmantmanualen Smak & Se.
Konfirmasjonsgudstenesta i Sentrum Menighet er sett til siste lørdag i april. Inviter venner og kjente til gudsteneste lørdag 24.04.27 på Varhaug Misjonshus.
Sjå her for skjematisk oppsett av konfirmasjonsåret 2026/ 2027:
Vi i Sentrum menighet ser på det som viktig at ungdommane får verta betre kjent med andre samlingar i kristen regi. Derfor skal konfirmantane delta på 8 samlingar utanom. Det er valfritt kva for nokre og kva tid. Desse alternativa vert rekna som “gyldige” samlingar.
Desse 8 samlingane skal dokumenterast ved å senda melding med bilete (helst frå møtedelen eller ein selfie med talaren) + stad og dato til leiaren for Sentrum Konfirmant. Dette vert notert i eit felles skjema for ledarane slik at ikkje den enkelte konfirmant må passe på eit eige ark for å få underskrifter.
Forventingar
Dette kan de forventa av oss i Sentrum Konfirmant
Dette kan vi forventa av foreldre/ føresette
Dette kan vi forventa av konfirmanten
Vi i Sentrum Konfirmant ønsker å møta og sjå ungdommane. Dette skal vera ein arena der dei kan kjenne seg heime. Vi vil gjennom konfirmasjonstida arbeida for å få eit godt band til ungdommane slik at vi seinare kan “leia dei inn i” andre samanhengar for kristne fellesskap. Vi ønsker at dette året skal vera ei tid for å veksa i tru og verta meir grunnfesta. Eller at dette rett og slett er året der konfirmanten kjem nærare å ta imot Jesus som Herre, frelsar og venn. Draumen er å planta ein større hunger etter Jesus i konfirmantane. Vi drøymer også om at opplegget i Sentrum Konfirmant skal opplevast så kjekt og relevant at ungdommane snakkar saman med andre om det. At det skal høyrast at Sentrum Konfirmant er ein god og lærerik stad å vera. Heilt til sist kan vi kanskje samanfatta dette hjartet i visjonen: Ei tid for å veksa i tru.
Ved spørsmål kontakt
Annette Auestad
mail: annetteauestad@hotmail.com
tlf: 47 63 69 41