Alpha kurs
Vi trur det er mange som ikkje veit heilt kva det går i dette med Jesus. Og vi ønsker at DU skal får eit RETT bilde av kven Gud og Jesus er – og eit rett bilete av sjølve kristendommen.
Det er mange stemmer som vil meine noko, men kva seier Gud sjølv i Bibelen om seg sjølv? Vi ynskjer at menneske på Varhaug skal få bli kjent med Jesus - han som seier om seg sjølv at han er Sannheten. No ynskjer vi å arrangere ALPHA-kurs i Sentrum menighet!

Over 10 kveldar gjev Alpha-kurset ei god innføring i den kristne trua. Kurset er egna både for den som allereie er kristen og for deg som er på leiting etter tru og meining med livet. Kurset er tilpassa vaksne og DU er hjarteleg velkomen til å delta.
Alle er velkomne på Alpha, og det er mange ulike grunnar til at mennesker deltek. Nokre prøvar å finne ut om Gud fins, nokre ynskjer å lære meir om basisen i trua si, medan andre rett og slett søkjer eit nytt miljø og nye vener.
Tema for samlingane er lagt opp til å engasjere og inspirere til samtale.
Korleis ser ei samling ut?



Fellesskap - Vi startar kvar samling med eit måltid, litt tid for å småprate og bygge venskap.
Film / Tema: Kvart tema blir presentert i ca tretti minutt. Her blir det innleiing og ein dokumentarliknande film som fordjuper seg i dei store tema rundt tru og dei kristne grunnprinsippa. Filmane er på engelsk men teksta til norsk.
Samtale: Ein av de viktigaste delane av Alpha er: sjansen til å dele tankar og idear om emnet og samtale i ei lita gruppe. Du er ikkje forplikta til å seie noko, og det er heller ingenting du ikkje kan seie eller spørje om! Det er ein mulighet til å høyre frå andre og bidra med ditt eige perspektiv i eit ærleg, venleg og ope miljø. I gruppene er det ei blanding av frivillige medhjelparar og andre kursdeltakarar som deg sjølv.
Høyrest dette spennande ut?
Bli med sjølv og få gjerne med deg ein venn eller to til kjekke kveldar med godt måltidsfellesskap, undervisning og samtale i grupper. Vi startar opp 8. september og det blir 10 kurskveldar og ein laurdag i haust (vi hoppar over veke 41 når det er haustferie).
Datoer hausten 2025:
8. september “Er livet mer enn dette?”
15. september “Kven er Jesus?”
22. september “Kvifor døydde Jesus?”
29. september “Korleis kan eg tru?”
13. oktober “Kvifor og korleis kan eg be?”
20. oktober ”Kvifor og korleis lese Bibelen?”
27. oktober ”Den heilage ande?”
1. november - Alphalaurdag på Fredheim Arena
3. november “Korleis kan eg stå imot det vonde?”
10. november ”Helbreder Gud i dag?”
17. november ”Menigheten og det kristne livet”
Følg med på Facebook og oppslagstavler for meir info.
Vil du vere med på kurset? Eller er du interessert i å bidra med praktiske ting som mat; eller som gruppeleiar? Og du som ber; Ver gjerne med og be både for førebuing og gjennomføring av kurset.
Ta kontakt med Anne Birgitte L. Bøe (97100737) eller Terje Bøe (90519422)