Byggeplanar for misjonshuset

Styret for misjonshuset har fått utarbeidd nye teikningar med tanke på å få til eit “mingleområde” utafor møtesalen. Ein tenker seg at tekjøkken og lager vert omgjort til slikt sosialt område som også kan verte nytta til småmøter og bønnemøter.

Teikningane er lagt ut på heimesida, under fanen “om misjonshuset”.

Det er ønskeleg at teikningane vert drøfta av dei ulike organisasjonane før årsmøtet til misjonshuset som er utsett til 6. mai. Det er første etasje og tenkt påbygg av nytt lager utafor kjøkkenet (ut mot Skulegata) som i første omgang skal vurderast.

Helsing styret for misjonshuset.

Powered by Cornerstone