Delta/Konfirmasjon/Konfirmasjon 2025
Vi i Sentrum Menighet ønsker å ha eit tilbod for folk gjennom heile livet, og vi ønsker at Sentrum Konfirmant skal vera ein god og lærerik stad å vera. Ei tid for å veksa i tru.

Kvifor konfirmasjon i Sentrum Menighet?

Konfirmasjon er ein tradisjon som gjev oss store moglegheiter til å koma i kontakt med unge. I Noreg vel over halvparten å konfirmera seg i ei kyrkje/ menighet. Konfirmasjonsåret er ein super moglegheit til å dela tydeleg og livsnær undervising, samtaler og relasjonsbygging. Dette kan verta retningsgjevande for liv og evighet. Meir enn 85% tek ei avgjersle om tru innan dei er ferdige med konfirmasjonstida. Lat oss gje dei det aller beste!

Vi i Sentrum Menighet ønsker å ha eit tilbod for folk gjennom heile livet. Då vert også konfirmasjonsopplegg ein naturleg del å ha i menigheten vår.

Vi i Sentrum Konfirmant ønsker å møta og sjå ungdommane. Dette skal vera ein arena der dei kan kjenne seg heime. Vi vil gjennom konfirmasjonstida arbeida for å få eit godt band til ungdommane slik at vi seinare kan leia dei inn i andre samanhengar for kristne fellesskap. Vi ønsker at dette året skal vera ei tid for å veksa i tru og verta meir grunnfesta. Eller at dette rett og slett er året der konfirmanten kjem nærare å ta imot Jesus som Herre, frelsar og venn. Draumen er å planta ein større hunger etter Jesus i konfirmantane. Vi drøymer også om at opplegget i Sentrum Konfirmant skal opplevast så kjekt og relevant at ungdommane snakkar saman med andre om det. At det skal høyrast at Sentrum Konfirmant er ein god og lærerik stad å vera. Heilt til sist kan vi kanskje samanfatta dette hjartet i visjonen: Ei tid for å veksa i tru.

Kven er dette for?

Dette er eit opplegg for deg som ønsker å konfirmera deg kristeleg. Undervisinga og konfirmasjonen er også open for konfirmantar som bur andre stader enn Varhaug. Då anten som eit supplement eller som eit fullverdig konfirmantopplegg.

Viss de ønsker å ha sjølve konfirmasjonen ein annan stad, men følge vår undervising, må det avtalast individuelt med den aktuelle menigheten/ kyrkja.

Påmelding

Online påmelding for konfirmantåret 24/25 er åpen! Meld deg på her! 

Korleis - Innhaldet i konfirmasjonstida

Pris for undervisinga: 1500kr

Deltakeravgifta dekker alt av undervising og materiell, samt Jærgårds.

I tillegg kjem ein weekend til Tonstali. Då reiser vi saman med andre konfirmantgrupper i Rogaland. Datoen er sett til 20.-22. september 2024. Prisen for weekenden, ca. 1200kr + 350kr i reise, kjem i tillegg til deltakeravgifta vår.

Konfirmantåret startar med Jærgårds sin konfirmanthappening fredag 23.august. Då har vi felles avreise frå misjonshuset saman med konfirmantane i Varhaug kyrkje. Før bussane går har vi ei obligatorsik samling for konfirmantane på ungdomsloftet. Der får dei møta nokre ungdommar frå Varhaug Kristelege Ungdomslag. Desse fortel om tilbodet på misjonshuset og er seinare med på Jærgårds saman med oss.

Meir informasjon om denne dagen får de på foreldremøtet  i august. Vi kjem tilbake med informasjon om dato for foreldremøte når den er sett.Undervisninga i Sentrum Konfirmant startar opp 16. september kl. 18.30 - 20.30.

Undervisninga i Sentrum Konfirmant startar opp i begynnelsen av september.

Vi har samlingar annan kvar måndag  på Varhaug Misjonshus. Til saman består konfirmasjonstida av 14 slike samlingar. Ei vanleg konfirmantsamling vil vera bygd opp slik:

18.30 - 19.15: Samling/ undervisning

19.15 - 19.35: Kveldsmat

19.35 - 20.00: Leik

20.00 - 20.30: Smågruppetid/ spørsmål og samtale

Vi nyttar konfirmantmanualen Smak & Se. Manualen er eit samarbeid mellom

IMI Kirken og Awana.

Konfirmasjonsgudstenesta i Sentrum Menighet er sett til siste lørdag i april. Inviter venner og kjente til gudsteneste lørdag 26.april kl.12.00 på Varhaug Misjonshus.

Sjå her for skjematisk oppsett av konfirmasjonsåret 2024/ 2025

 

Vi i Sentrum menighet ser på det som viktig at ungdommane får verta betre kjent med andre samlingar i kristen regi. Derfor skal konfirmantane delta på 8 samlingar utanom. Det er valfritt kva for nokre og kva tid. Desse alternativa vert rekna som “gyldige” samlingar.

  • Møtedelen på Ungdomslaget, lørdag
  • Føremiddagsgudstenester
  • Kveldsgudsteneste, til dømes Sundag
  • Leirleiar (vert rekna som 2 samlingar)
  • Medarbeider i kristeleg barnearbeid

Desse 8 samlingane skal dokumenterast ved å senda melding med bilete (helst frå møtedelen eller ein selfie med talaren) + stad og dato til leiaren for Sentrum Konfirmant. Dette vert notert i eit felles skjema for ledarane slik at ikkje den enkelte konfirmant må passe på eit eige ark for å få underskrifter.  

Forventingar

Dette kan de forventa av oss i Sentrum Konfirmant

  • At vi møter førebudd og klar til det som skal skje.
  • At vi viser interesse for den enkelte konfirmanten.
  • At vi kommuniserer med ungdommane via spond/ facebook

Dette kan vi forventa av foreldre/ føresette

  • At de viser interesse for innhaldet i konfirmasjonstida. Spør gjerne konfirmanten i etterkant av samlingane for å få tak i kva dei har bite seg merke i/ kva dei tek med seg vidare.
  • At de ordnar med kveldsmat på samlingane. Eige oppsett viser når kvar har ansvar. De må byte innbyrdes om det ikkje passer. Å ordne kveldsmat innebær:
  • Kjøpe inn brødmat og drikke
  • Gjere klar til kveldsmat
  • Rydde og vaske opp etterpå
  • At de sama med konfirmanten melder han/ ho på leir som vi reiser på.

Dette kan vi forventa av konfirmanten

  • At du deltek på det som er ein del av opplegget til Sentrum Konfirmant.
  • At du har med deg Bibel og skrivesaker på samalingane. Viss du ikkje har Bibel kan du få kjøpa av oss for 100kr. Du vil få utdelt ei notatbok og kulepenn på første samlinga på misjonshuset.
  • At du har med deg eit pålegg til felles kveldsmat. Hugs å ta det med deg heim igjen viss det ikkje er ete opp.
  • At du sama med foreldre/ føresette melder deg på leiren vi reiser på.

Ved spørsmål kontakt


Annette Auestad
tlf: 47 63 69 41

Gina Ueland
mail: ginauel@gmail.com
tlf: 47 87 04 09

 

 

 

Powered by Cornerstone