AWANA KORT FORTALT
Følg oss på facebook Awana Varhaug
Last ned Awana informasjonsbrosjyre
AWANA LANGT FORTALT ;-)
Awana Varhaug har samlingar på Varhaug Misjonshus i partalsveker når det er gudsteneste i Sentrum Menighet.
Awana startar på gudstenesta kl. 11.00. Då er vi felles store og små med blant anna song og bønn. Viss du vil koma direkte til Awanagruppene så er dei frå 11.20 - 11.30
Puggles (0 – 3 år) på tekjøkken ved møtesalen
Cubbies (4år – 1.kl) i barnekjelleren
Sparks (2. – 4.kl) i matsal
T&T (5.kl og oppover) på ungdomsloftet
(Aldersinndelinga fylgjer skuleåra/ årskull)
KORLEIS SER EI AWANA-SAMLING UT
Ei Awana-samling består av tre likeverdige delar.
KVIFOR AWANA
Vi veit at over 90% tar sitt trusval før dei er 19 år. Over 80% tar valet mellom 4 og 14år (“4-14 vindauget”, Barna Group). Det rører våre hjarte, styrer vårt fokus og formar vårt kall.
Awana Varhaug sin visjon og fokus er å hjelpa barn og unge til å kjenna, elska og tene Jesus Kristus.
Bibel & relasjon er to fokusområder. Vi ønsker at barn og unge skal oppleve gode relasjonar. Det er verdifullt når dei møter leiarar som liker å vera saman med dei, som gir dei merksemd og blikk-kontakt. Gjennom dette legg ein grunnlaget for merksemd og truverd i bibelundervising og i samtalar om tru.
Awana tilbyr eit trusopplæringsopplegg som:
KORLEIS STØTTAR AWANA HEIMANE
Vi tilbyr ressursar for heimane, slik at trua kan verta ein integrert og naturleg del av kvardagen. Ressursane kan barn og foreldre bruke heime mellom kvar samling. Det har stor verdi om heimane tar opp tråden i meir eller mindre grad i føre- eller etterkant av samlingane.
Før advent og påske deler vi ut ein kalender til kvar heim som har vore innom på Awana det aktuelle semesteret. Kalenderen har luker i form av QR-kodar. Bak kvar luke finnes ein andakt, noko å snakka om og noko å be for. I tillegg plar det vera hyggelege familieaktivitetar. Kalenderen kan hjelpe familien til ei dagleg familiestund med fokus på kva høgtid ein går i møte. Bare ved biletet på kalenderen vert heimen minna om bodskapet.
For meir informasjon om Awana sjå Awana.no