Konfirmasjon 2026
Påmelding til konfirmasjonopplegget for 25/26 er nå åpnet. Vi i Sentrum Menighet ønsker å ha eit tilbod for folk gjennom heile livet, og vi ønsker at Sentrum Konfirmant skal vera ein god og lærerik stad å vera. Ei tid for å veksa i tru.

Påmelding - trykk på link her: Konfirmant 2025/2026

 

Kvifor konfirmasjon i Sentrum Menighet?

Konfirmasjon er ein tradisjon som gjev oss store moglegheiter til å koma i kontakt med unge. I Noreg vel over halvparten å konfirmera seg i ei kyrkje/ menighet. Konfirmasjonsåret er ein super moglegheit til å dela tydeleg og livsnær undervising, samtaler og relasjonsbygging. Dette kan verta retningsgjevande for liv og evighet. Meir enn 85% tek ei avgjersle om tru innan dei er ferdige med konfirmasjonstida. Lat oss gje dei det aller beste!

Vi i Sentrum Menighet ønsker å ha eit tilbod for folk gjennom heile livet. Då vert også konfirmasjonsopplegg ein naturleg del å ha i menigheten vår.

Kven er dette for?

Dette er eit opplegg for deg som ønsker å konfirmera deg kristeleg. Undervisinga og konfirmasjonen er også open for konfirmantar som bur andre stader enn Varhaug. Då anten som eit supplement eller som eit fullverdig konfirmantopplegg.

Viss de ønsker å ha sjølve konfirmasjonen ein annan stad, men følge vår undervising, må det avtalast individuelt med den aktuelle menigheten/ kyrkja.

Påmelding - trykk på link her: Konfirmant 2025/2026

Korleis - Innhaldet i konfirmasjonstida

Pris for undervisinga: 1500kr

Deltakeravgifta dekker alt av undervising og materiell, samt Jærgårds.

I tillegg kjem ein weekend til Tonstali og Solgry. Då reiser vi saman med andre konfirmantgrupper i Rogaland. Datoen er sett til  19-21 sept 2025 til Tonstadli og 13-15.mars 2026 til Solgry. Prisen for weekenden, ca. 1200kr + 350kr i reise, kjem i tillegg til deltakeravgifta vår. 

Konfirmantåret startar med Jærgårds sin konfirmanthappening fredag 22.aug Før bussane går har vi ei obligatorsik samling for konfirmantane på ungdomsloftet. Der får dei møta nokre ungdommar frå Varhaug Kristelege Ungdomslag. Desse fortel om tilbodet på misjonshuset og er seinare med på Jærgårds saman med oss.

Meir informasjon om denne dagen får de på foreldremøtet  i august. Vi kjem tilbake med informasjon om dato for foreldremøte når den er sett.

Undervisninga i Sentrum Konfirmant startar opp 1.september kl.18.30-20.30. 

Vi har samlingar annan kvar måndag  på Varhaug Misjonshus. Til saman består konfirmasjonstida av 14 slike samlingar. Ei vanleg konfirmantsamling vil vera bygd opp slik:

18.30 - 19.15: Undervisning

19.15 - 19.35: Kveldsmat

19.35 - 20.00: Leik

20.00 - 20.30: Smågruppetid/ spørsmål og samtale

Vi nyttar konfirmantmanualen Smak & Se.

Konfirmasjonsgudstenesta i Sentrum Menighet er sett til siste lørdag i april. Inviter venner og kjente til gudsteneste lørdag 25.april kl.12.00 på Varhaug Misjonshus.

Sjå her for skjematisk oppsett av konfirmasjonsåret 2025/ 2026

Vi i Sentrum menighet ser på det som viktig at ungdommane får verta betre kjent med andre samlingar i kristen regi. Derfor skal konfirmantane delta på 8 samlingar utanom. Det er valfritt kva for nokre og kva tid. Desse alternativa vert rekna som “gyldige” samlingar.

  • Møtedelen på Ungdomslaget, lørdag
  • Føremiddagsgudstenester
  • Kveldsgudsteneste, til dømes Sundag
  • Leirleiar (vert rekna som 2 samlingar) 
  • Medarbeider i kristeleg barnearbeid 

Desse 8 samlingane skal dokumenterast ved å senda melding med bilete (helst frå møtedelen eller ein selfie med talaren) + stad og dato til leiaren for Sentrum Konfirmant. Dette vert notert i eit felles skjema for ledarane slik at ikkje den enkelte konfirmant må passe på eit eige ark for å få underskrifter.   

Forventingar

Dette kan de forventa av oss i Sentrum Konfirmant

  • At vi møter førebudd og klar til det som skal skje.
  • At vi viser interesse for den enkelte konfirmanten.
  • At vi kommuniserer med ungdommane via spond/ facebook

Dette kan vi forventa av foreldre/ føresette

  • At de viser interesse for innhaldet i konfirmasjonstida. Spør gjerne konfirmanten i etterkant av samlingane for å få tak i kva dei har bite seg merke i/ kva dei tek med seg vidare.
  • At de ordnar med kveldsmat på samlingane. Eige oppsett viser når kvar har ansvar. De må byte innbyrdes om det ikkje passer. Å ordne kveldsmat innebær:
  • ikke avmerket Kjøpe inn brødmat og drikke
  • ikke avmerket Gjere klar til kveldsmat
  • ikke avmerket Rydde og vaske opp etterpå
  • At de sama med konfirmanten melder han/ ho på leir som vi reiser på.

Dette kan vi forventa av konfirmanten

  • At du deltek på det som er ein del av opplegget til Sentrum Konfirmant.
  • At du har med deg Bibel og skrivesaker på samalingane. Viss du ikkje har Bibel kan du få kjøpa av oss for 100kr. Du vil få utdelt ei notatbok og kulepenn på første samlinga på misjonshuset.
  • At du har med deg eit pålegg til felles kveldsmat. Hugs å ta det med deg heim igjen viss det ikkje er ete opp.
  • At du sama med foreldre/ føresette melder deg på leiren vi reiser på.

Vi i Sentrum Konfirmant ønsker å møta og sjå ungdommane. Dette skal vera ein arena der dei kan kjenne seg heime. Vi vil gjennom konfirmasjonstida arbeida for å få eit godt band til ungdommane slik at vi seinare kan “leia dei inn i” andre samanhengar for kristne fellesskap. Vi ønsker at dette året skal vera ei tid for å veksa i tru og verta meir grunnfesta. Eller at dette rett og slett er året der konfirmanten kjem nærare å ta imot Jesus som Herre, frelsar og venn. Draumen er å planta ein større hunger etter Jesus i konfirmantane. Vi drøymer også om at opplegget i Sentrum Konfirmant skal opplevast så kjekt og relevant at ungdommane snakkar saman med andre om det. At det skal høyrast at Sentrum Konfirmant er ein god og lærerik stad å vera. Heilt til sist kan vi kanskje samanfatta dette hjartet i visjonen: Ei tid for å veksa i tru.

Ved spørsmål kontakt

Annette Auestad
mail: annetteauestad@hotmail.com  
tlf: 47 63 69 41

Powered by Cornerstone